Velkomen til sidene om Vegusdalsmålet!

Desse sidene vil bli gradvis bygd ut dei neste månadene/åra med lister over ord og uttrykk, samt lydfiler der ein høyrer Vegusdalsmålet.

Hjelp til ordlistene: m tyder hankjønn, f tyder hokjønn medan n tyder inkjekjønn. Av og til står det ein «aksent grave» over o-en. Då uttalar ein det som ein mellomting mellom o og å, slik som «fòle» og «bròt». Står det eit «hustak» over o-en, les ein o-en som i «silofôr».

Klikk på førbokstaven i ordet dersom det er eit spesielt ord du vil sjå.

A

B

D

E

F

G

H

I

J

K

L

M

N

O

P

R

S

T

U

V

Y

Æ

Ø

Å

 

 

 

 

 

 

 

(Listene A-K blei laga 2013, listene L-R i 2014, listene S-U i 2015 og listene V-Å i 2016.)

I Vegusdal som andre stader ser ein at mange ord og uttrykk forsvinn frå daglegtalen. Nokre ord er ikkje særleg aktuelle lenger, slik som namn på gamle reiskap. Men for dei fleste av desse orda gjeld nok at normalisering av dialekten har gjort at orda er blitt erstatta med meir moderne synonym. Til dømes seier ein nå distre, medan ein før sa gålaus.   Vegusdal dialekt- og mållag har sett det som ei av sine viktige oppgåver å samle dei orda og uttrykka som er forsvunne, eller er i ferd med å forsvinne, frå dialekten.  Me har nok ikkje fått med alle dei orda me burde, så her er det rom for tips!

Neste del av arbeidet vil vere å samle gamle uttrykksformar, slik som «he du hørt gjete hoss d’æ æ?».


Sida er fyrste gong lagt ut 26. februar 2014 og oppdatert seinast 20. januar 2017.

Sidene blir drifta av Vegusdal Dialekt- og Mållag. Send gjerne ein e-post om du har forslag til innhald eller kommentarar til noko du har lese her.

Inngang til kyrkjebøker for Vegusdal                                   Nokre lokalhistoriske ting


Free website hit counter